Viser innlegg med etiketten gjærbakst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gjærbakst. Vis alle innlegg

lørdag 29. januar 2022

Skinke kringle

 Dette er ei oppskrift som florerte på Tupperware-party når eg vaks opp, eg fekk oppskrifta fra mamma, som hadde fått ho på eit Tupperware-party.

850 g kveitemjøl

150 g havregryn

100 g margarin - eg brukar berre smør, har aldri margarin i hus.

2 pk gjær - dette fordi det skal gå kjapt med hevinga, fordi det skjer på eit party. Eg brukar ikkje så mykje gjær, og tek meg heller tid til å heve deigen.

2 ts salt

2 ss sukker

6 dl mjølk/vatn


Fyll;

Skinke eller kjøttdeig

kvitost

krydder.


Form deigen til ei stor kringle.


225 grader i 10-15 minutt


Gudrun

onsdag 7. august 2013

Kringler frå Kvit

Ei skikkeleg barnehageoppskrift, på enkel, kvite kringler, masse feitt, men ikkje sukker ;)

1/2 l mjølk
200 g smelta smør
1/2 ts salt
50 g gjær
Kveitemjøl til passe deig.

Ingen for-heving. Trill ut kringler. Etterheving mens ovnen vert varm (10 min) 250 g i 10 min.

Gode med smør og ost på ;) Som om det ikkje er nok smør....

-Gudrun-

onsdag 8. mai 2013

Søte bollar

Eg har ei standard bolleoppskrift òg, som eg skjeldan viker frå. Bruker den til alt frå rosinbollar og skulebollar til lussekattar og fastelavensbollar.

3,5 dl mjølk
100 g smør
1 egg
50 g gjær
1 dl sukker
1/2 ts kardemomme
8-10 dl kveitemjøl

Eg fekk ein gong servert dei nydlegaste vaniljesnurrane, til dobbel deig, muligens tredobbel, er dette fyllet; 350 g mjukt smør, 350 g melis og 10 ss vaniljesukker. Dette smør du utover ein flatkjevla deig og brettar i to, deler i strimler og snurrer. Steik og nyt! 

Bestemor sine gode rundstykker

Eg var so heldig at eg hadde besteforeldre på verdas vakraste øy, Bømlo. Kvar gong me kom til Lykling, fekk me desse gode rundstykka. Dei smakar best med rørt jordbærsyltetøy ;) (Jepp, barndomsminne <3 )

1 l mjøl
1 ts salt
4 dl mjølk
4 barneskreier sukker
4 ss smør
1 pk gjær

Smelt smør, ha den i mjølka. Rør gjæren ut i sukkeret. Bland alt og rør forsiktig, ingen elting. Trill ut lange pølser som kuttast opp i ca 32 stk. Set ferdig trilla bollar til heving i ca to timar. (Ingen forheving)

Steik i ca 10 min 200-225 grader

Bestemor bakte som sagt desse som me fekk til frukost, då eg var 12 år gammal, døde ho. Bestefar var enkemann i 16 år, men held tradisjonen ved like. Ganske imponerande av ein mann på 76 år.

-Gudrun-