Ei skikkeleg barnehageoppskrift, på enkel, kvite kringler, masse feitt, men ikkje sukker ;)
1/2 l mjølk
200 g smelta smør
1/2 ts salt
50 g gjær
Kveitemjøl til passe deig.
Ingen for-heving. Trill ut kringler. Etterheving mens ovnen vert varm (10 min) 250 g i 10 min.
Gode med smør og ost på ;) Som om det ikkje er nok smør....
-Gudrun-
Mi eiga oppskriftsbok med mine favorittar, tilgjengeleg kor som helst, når som helst.
Viser innlegg med etiketten rundstykker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rundstykker. Vis alle innlegg
onsdag 7. august 2013
onsdag 8. mai 2013
Bestemor sine gode rundstykker
Eg var so heldig at eg hadde besteforeldre på verdas vakraste øy, Bømlo. Kvar gong me kom til Lykling, fekk me desse gode rundstykka. Dei smakar best med rørt jordbærsyltetøy ;) (Jepp, barndomsminne <3 )
1 l mjøl
1 ts salt
4 dl mjølk
4 barneskreier sukker
4 ss smør
1 pk gjær
Smelt smør, ha den i mjølka. Rør gjæren ut i sukkeret. Bland alt og rør forsiktig, ingen elting. Trill ut lange pølser som kuttast opp i ca 32 stk. Set ferdig trilla bollar til heving i ca to timar. (Ingen forheving)
Steik i ca 10 min 200-225 grader
Bestemor bakte som sagt desse som me fekk til frukost, då eg var 12 år gammal, døde ho. Bestefar var enkemann i 16 år, men held tradisjonen ved like. Ganske imponerande av ein mann på 76 år.
-Gudrun-
Abonner på:
Innlegg (Atom)