tirsdag 28. mai 2013

Oste-dessert

Dette er ei ostekake, som er veldig enkel og veldig god. Eg kallar ho for Kaupangerkake, for det er derfrå eg har fått ho.

Knus 18 kornmo, bland med ein desj sukker og ein desj smør og bre det utover ei form.

Ta to pakkar kremost naturell og melis (ganske masse, men du veit, eg og kokebøkene mine....skal sjekke i morgo, for då skal eg lage denne, eg begynner med ein kopp og smaker til viss eg ikkje finn att oppskriftsboka), visp og bland med ein pakke stivpiska kremfløyte. Bre det utover kjeksa.

Like før servering, tømmer du oppå ein pose med kirsebærkompott, eg har med hell brukt sviske òg, andre funker sikkert òg like bra.

Nyyyyt! Enkel, rask og nydeleg! Ganske stort frå meg, som ikkje likar ostekake i utgangspunktet...

-Gudrun-

torsdag 9. mai 2013

Scones

Enkel og grei mat å lage kjapt.

5 dl kveitemjøl eller 2dl sammalt/3 dl fin
(1 ss sukker, viss søt scones)
1,5 ts bakepulver
1/4 ts salt
3 ss margarin
2,25 dl mjølk (søt eller sur)

Bland det tørre. Smelt smør, bland med mjølka. Hell over og kna saman. Lag to like store bollar, klapp dei flate (ca 16 cm). Del kakene i fire og prikk med gaffel. Steik midt i ovnen til dei er gyllenbrune (ca 10 min?) på 225 grader.

Eg har berre laga den grove varianten, og då med brunost eller kvitost som pålegg.

-Gudrun-

onsdag 8. mai 2013

Søte bollar

Eg har ei standard bolleoppskrift òg, som eg skjeldan viker frå. Bruker den til alt frå rosinbollar og skulebollar til lussekattar og fastelavensbollar.

3,5 dl mjølk
100 g smør
1 egg
50 g gjær
1 dl sukker
1/2 ts kardemomme
8-10 dl kveitemjøl

Eg fekk ein gong servert dei nydlegaste vaniljesnurrane, til dobbel deig, muligens tredobbel, er dette fyllet; 350 g mjukt smør, 350 g melis og 10 ss vaniljesukker. Dette smør du utover ein flatkjevla deig og brettar i to, deler i strimler og snurrer. Steik og nyt! 

Bestao sine havrakjeks

Eg skreiv om bestemor sine rundstykker i forrige post, her kjem bestao sine havrakjeks. Besta og besten budde saman med besta sine to eldre brødre. So sliksett hadde eg fire bestefedre og to bestemødre. Karane (onklane) var like mykje besteforeldre som dei ordentlege besteforeldra.

Men her kjem besta sine havrakjeks

1 kg havragryn
1 kg sammalt kveite
1/2 kg smør
1 boks hornsalt
Litt sukker, litt salt

Eg likar oppskriftene frå gamle dagar, dei er så rettfram utan dill med gram og teskeier ;) Desse er best med brunost, og då meiner eg fløyte mysost, ikkje G35, den har alt for mykje geitemjølk for meg.

-Gudrun-

Bestemor sine gode rundstykker

Eg var so heldig at eg hadde besteforeldre på verdas vakraste øy, Bømlo. Kvar gong me kom til Lykling, fekk me desse gode rundstykka. Dei smakar best med rørt jordbærsyltetøy ;) (Jepp, barndomsminne <3 )

1 l mjøl
1 ts salt
4 dl mjølk
4 barneskreier sukker
4 ss smør
1 pk gjær

Smelt smør, ha den i mjølka. Rør gjæren ut i sukkeret. Bland alt og rør forsiktig, ingen elting. Trill ut lange pølser som kuttast opp i ca 32 stk. Set ferdig trilla bollar til heving i ca to timar. (Ingen forheving)

Steik i ca 10 min 200-225 grader

Bestemor bakte som sagt desse som me fekk til frukost, då eg var 12 år gammal, døde ho. Bestefar var enkemann i 16 år, men held tradisjonen ved like. Ganske imponerande av ein mann på 76 år.

-Gudrun-

tirsdag 7. mai 2013

Den enklaste platekaka

Her kjem ei basiskake, som kan varierast på mange måtar. Ho er enkel og rask å lage, smakar godt og er den perfekte "Lage kake til 17.mai-feiringa/fotballturneringa etc"

Langpannekake
6 koppar mjøl
4 koppar sukker
4 egg
2 koppar mjølk
300 gram smelta smør
3 ts bakepulver
3 ts vaniljesukker
(2 ss kakao)

Bland alt, rør kun med visp, ikkje mixmaster. Steik på 180 grader i 30 min.

Til rundform; halver oppskrifta og steik på 180 grader i 45 min

Mine forslag til variasjon; sjokoladekake, eplekake, marmor-kake, kake med mandlar og rosiner... Kom gjerne med nye forslag.

-Gudrun-

Jordbærkake

Det er konfirmasjonstid, og eg baker kaker. Greit å ha nokre kaker til gode når eg har konfirmant sjølv ;)

I dag har eg baka to kaker, like, til to forskjellige konfirmantar. Eg fann ikkje att kokeboka mi, som vanleg, så eg laga ho frå minnet. Derfor oppretter eg denne bloggen, slik at eg kan finne oppskriftene mine når som helst og kor som helst.

Eg har laga ei av favorittkakene mine; Jordbærkake. Eg fekk oppskrifta frå eit "kjedebrev" for sikkert snart 15 år sidan, og har altså laga ho so pass mange gonger at eg kan oppskrifta.


Begynn med ca 200 gram søte kjeks (Td. Bixit) som du knuser og blander med nokre smelta smørklattar, er det ca 75 gram då tru? Dette smører du utover i ei springform, direkte på eit kakefat.

Smør deretter utover ein boks vaniljekrem og lat det stå ei lita stund.

Lag ein pakke jordbærgele etter anvisninga, la den avkjøle og bland den med ein pakke stivpiska fløyte eller eit stort beger yoghurt. Set blandinga kaldt og når det begynner å stivne, blander du i 400 g jordbær i bitar. Bæra bør vere ferske, men før i gamledagar var det jo berre nokre veker på forsommaren me fekk tak i jordbær. Då brukte eg fryste i mangel av noko anna. Det gjekk greit, men kaka er bedre og finare med ferske. Dette fyller du over kjeksa/vaniljekremen og set til stivning. Kaka bør lagast dagen i førevegen, viss ikkje kan du få ei svært laus kake.

Denne smakar fantastisk, og er rask og enkel å lage.

Og; du kan variere, og ikkje berre bruke jordbær, men pass på at gelen og bæra/frukten passar saman.

Kos deg!

-Gudrun-