lørdag 26. juli 2014

God salat

God, grøn salat.

1 kinakål hakka ganske fint.
2 paprika i forskjellige fargar, hakka.
Ca 10 små tomater, Coop har iallefall pakke med forskjellege små tomater, gule, raude, grøne. Delte.
1/2 granateple, ta ut "frøa" og bruk dei.
1 boka ananas.
Ca 1/2 agurk, hakka.
Eit glas fetaost, drypp over litt av oljen òg.
Ca 1/3 Jarlsberg Edel, i terningar.
Ein liten boks mais.

Bland. Det gjer seg med det litt søte i granatepla og ananasen.

-Gudrun-

søndag 8. september 2013

Prosjekt sunnare nistepakkar

No driv eg stor produksjon på "muffins" til neste vekes matpakkar.

Har laga 12 små "Omelett med karbonadedeig" muffins, i silikonformer (viktig!! for i vanlege former flyter det berre utover...)

Eg bruna ein pakke med karbonadedeig, og lager omelett av 6 egg og 6 ss vatn. Har oppi muffinsformer og steiker på ca 200 g i nokre minuttar, talde ikkje, så du må berre følgje med.

Og så har eg 12 Herbalife-muffins i ovnen no, 6 toppa ss Herbalife-F1, eg brukte eple og kanel-smaken, hadde oppi ca ei ts vaniljePULVER (rein vanilje, utan sukker), 6 egg, 1 dl rapsolje og 1 ts toppa bakepulver. Hadde 2 ss røre oppi kvar stor amerikansk muffinsform, hadde òg oppi nokre eplebitar. Fullstendig oppskrift i linken. (Herbalifepulver kan eg skaffe)

No gjenstår det å følgje opp, med sunne og gode matpakkar!

-Gudurn-


tirsdag 27. august 2013

Litt for mykje informasjon...

Men samma det! Eg var på ferie til Tyrkia i sommar, og med meg heim hadde eg ein fæl, og langvarig, magasjeu (ja, eller diare då, altså). Den varte i over ei veke, funka flott som slankekur, forresten.

Kvifor fortel eg dette her, lurer du sikkert på? JO, for å dele med deg kva som hjelpte og fekk stoppa styggeheita. Svaret var så enkelt, og så genialt; ei ts potetmjøl blanda i vatn. Vart styggdårleg halvdøgnet etter inntak, og så var det brått over, etter 10 dagar, vips var eg frisk.

Tips ved diare; ei ts potetmjøl utrørd i vatn, drikk.

onsdag 7. august 2013

Knekkebrød

Trur eg skal bake meg knekkebrød i morgo, istaden for hellekaker som eg egentleg har lyst på...

4 dl grov sammalt kveite
4 dl store havregryn
2 dl linfrød
2 dl solsikkekjerner
2 ts bakepulver
1 ts salt
7 dl vatn

Bland alt, la det stå og svelle eit kvarter. Smør røra utover to godt smurte plater, del i passe bitar med pizzadeler, steik på varmluft 150 grader (begge platene) i ein time.

Apropos store havregryn...er du blandt dei som brukar lettkokte? Har du prøvd store? Prøv, og du går aldri tilbake. Her må me koke graut på store, ingen likar den lettkokte. Gryn og mjølk likeså, me kjøper ikkje lettkokte feil ein gong. Ingen et det.

-Gudrun-

Kringler frå Kvit

Ei skikkeleg barnehageoppskrift, på enkel, kvite kringler, masse feitt, men ikkje sukker ;)

1/2 l mjølk
200 g smelta smør
1/2 ts salt
50 g gjær
Kveitemjøl til passe deig.

Ingen for-heving. Trill ut kringler. Etterheving mens ovnen vert varm (10 min) 250 g i 10 min.

Gode med smør og ost på ;) Som om det ikkje er nok smør....

-Gudrun-

torsdag 11. juli 2013

Vaniljesaus-kake

Denne oppskrifta fekk eg hjå Siri;

1 liter vaniljesaus
500 g sukker
250 g smør
6 ts bakepulver
800 g mjøl

Varm opp smør, vaniljesaus og sukker - og avkjøl litt. Mjøl/bakepulver siktast i, rør med visp.

Røra er ganske stor, så du treng ein stor bolle. Steik i ei lita langpanne (30x40cm) i 40 min på 175 grader

søndag 7. juli 2013

Trolldeig

Trolldeig er alltid greit å ha å ty til. Litt vanskelegare å ha ingridiensane i hus no enn tidlegare, for no brukar me jo ikkje vanleg salt lenger. Fleire som berre har fancy salt? Flaksalt, havsalt, you name it...vanleg Jozo måtte me handle inn til anledninga.

2 koppar mjøl
1 kopp salt
1 kopp vatn
Ein desj (ca 1ss) olje

Kna, form og tørk. Det tek jo vanvittig lang til å tørke trolldeig, så me lufttørkar litt og tørkar litt i ovnen og håpar me kan måle på det i slutten av ferien ;)

-Gudrun-