Trur eg skal bake meg knekkebrød i morgo, istaden for hellekaker som eg egentleg har lyst på...
4 dl grov sammalt kveite
4 dl store havregryn
2 dl linfrød
2 dl solsikkekjerner
2 ts bakepulver
1 ts salt
7 dl vatn
Bland alt, la det stå og svelle eit kvarter. Smør røra utover to godt smurte plater, del i passe bitar med pizzadeler, steik på varmluft 150 grader (begge platene) i ein time.
Apropos store havregryn...er du blandt dei som brukar lettkokte? Har du prøvd store? Prøv, og du går aldri tilbake. Her må me koke graut på store, ingen likar den lettkokte. Gryn og mjølk likeså, me kjøper ikkje lettkokte feil ein gong. Ingen et det.
-Gudrun-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar