tirsdag 27. august 2013

Litt for mykje informasjon...

Men samma det! Eg var på ferie til Tyrkia i sommar, og med meg heim hadde eg ein fæl, og langvarig, magasjeu (ja, eller diare då, altså). Den varte i over ei veke, funka flott som slankekur, forresten.

Kvifor fortel eg dette her, lurer du sikkert på? JO, for å dele med deg kva som hjelpte og fekk stoppa styggeheita. Svaret var så enkelt, og så genialt; ei ts potetmjøl blanda i vatn. Vart styggdårleg halvdøgnet etter inntak, og så var det brått over, etter 10 dagar, vips var eg frisk.

Tips ved diare; ei ts potetmjøl utrørd i vatn, drikk.

onsdag 7. august 2013

Knekkebrød

Trur eg skal bake meg knekkebrød i morgo, istaden for hellekaker som eg egentleg har lyst på...

4 dl grov sammalt kveite
4 dl store havregryn
2 dl linfrød
2 dl solsikkekjerner
2 ts bakepulver
1 ts salt
7 dl vatn

Bland alt, la det stå og svelle eit kvarter. Smør røra utover to godt smurte plater, del i passe bitar med pizzadeler, steik på varmluft 150 grader (begge platene) i ein time.

Apropos store havregryn...er du blandt dei som brukar lettkokte? Har du prøvd store? Prøv, og du går aldri tilbake. Her må me koke graut på store, ingen likar den lettkokte. Gryn og mjølk likeså, me kjøper ikkje lettkokte feil ein gong. Ingen et det.

-Gudrun-

Kringler frå Kvit

Ei skikkeleg barnehageoppskrift, på enkel, kvite kringler, masse feitt, men ikkje sukker ;)

1/2 l mjølk
200 g smelta smør
1/2 ts salt
50 g gjær
Kveitemjøl til passe deig.

Ingen for-heving. Trill ut kringler. Etterheving mens ovnen vert varm (10 min) 250 g i 10 min.

Gode med smør og ost på ;) Som om det ikkje er nok smør....

-Gudrun-