No driv eg stor produksjon på "muffins" til neste vekes matpakkar.
Har laga 12 små "Omelett med karbonadedeig" muffins, i silikonformer (viktig!! for i vanlege former flyter det berre utover...)
Eg bruna ein pakke med karbonadedeig, og lager omelett av 6 egg og 6 ss vatn. Har oppi muffinsformer og steiker på ca 200 g i nokre minuttar, talde ikkje, så du må berre følgje med.
Og så har eg 12 Herbalife-muffins i ovnen no, 6 toppa ss Herbalife-F1, eg brukte eple og kanel-smaken, hadde oppi ca ei ts vaniljePULVER (rein vanilje, utan sukker), 6 egg, 1 dl rapsolje og 1 ts toppa bakepulver. Hadde 2 ss røre oppi kvar stor amerikansk muffinsform, hadde òg oppi nokre eplebitar. Fullstendig oppskrift i linken. (Herbalifepulver kan eg skaffe)
No gjenstår det å følgje opp, med sunne og gode matpakkar!
-Gudurn-